Einingsleiar for barneverntenesta i Øygarden kommune
Om barnevernstenesta
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Sign in to auto-apply
Job Description
Einingsleiar for barneverntenesta i Øygarden kommune
Hausten 2026 vert stillinga som einingsleiar for barnevernstenesta ledig. Vi ser etter deg som trivst med å kombinera strategisk leiing med operativt arbeid. Du blir motivert av å byggja gode relasjonar, leggja til rette for utvikling for medarbeidarane og skapa ein trygg og open organisasjonskultur.
Barnevernstenesta i Øygarden har dei siste to åra gjennomført eit omfattande og nødvendig forbetringsarbeid. Vi ønskjer ein leiar som vil byggja vidare på dette arbeidet, styrkja det som fungerer godt, og vere med å vidareutvikla tenesta.
Om barnevernstenesta
Barnevernstenesta er organisert i Sektor barn og familie og har om lag 60 engasjerte medarbeidarar. Desse arbeider innan mottak, undersøking, tiltak, omsorg, ettervern, einslege mindreårige, fagutvikling og administrasjon.
Arbeidsoppgåver
- Leia og vidareutvikla barnevernstenesta i tråd med lovverk, politiske vedtak og måla til kommunen.
- Ha overordna ansvar for fag, økonomi, HMS, personale og drift.
- Leia og utvikla leiargruppa.
- Sikra høg fagleg kvalitet, rettstryggleik og forsvarlege tenester.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø prega av tillit, psykologisk tryggleik og læring.
- Styrkja samarbeidet med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
- Bidra aktivt i leiargruppa i Sektor Barn og familie.
- Sikra god økonomistyring og effektiv ressursbruk.
- Arbeida strategisk med utvikling av tenestene til beste for barn og familiar.
Requirements
- Du må ha relevant høgare utdanning innan barnevern, sosialt arbeid eller anna relevant fagområde som fyller vilkåra i barnevernloven §15-6.
- Du må ha erfaring frå kommunalt barnevern.
- Du må ha leiarerfaring.
- Du må ha god kjennskap til relevant lovverk og offentleg forvaltning.
- Du må inneha førarkort klasse B.
Skills
Experience
senior