Sign in to auto-apply
Job Description
Infrastrukturspesialist til vårt datasenter
Helse Vest IKT leverer teknologi- og plattformtenester som understøttar spesialisthelsetenesta på Vestlandet. I avdelinga Sky bygger og vidareutviklar vi ei hybrid skyplattform som gir sjukehusa ei trygg, moderne og effektiv plattform for dagens og framtidas behov.
No søker vi ein infrastrukturspesialist som vil vere med å utvikle skyplattforma vår. Du blir ein del av Datasenter-teamet, som har ansvar for datasenter, nettverk, lagring og den underliggande infrastrukturen skyplattforma byggjer på.
Hos oss blir du ein del av eit breitt fagmiljø der datasenter, nettverk, Kubernetes, automatisering og offentleg sky blir levert som éi samla skyplattform. Vi jobbar i produktorienterte team med høg grad av eigarskap, samarbeid og kontinuerleg forbetring.
Arbeidsstad er i Stavanger eller i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Sentralisert drift av våre datahaller med innhald.
- Drift og utvikling av lagringsløysningar.
- Feilsøking, endringshandtering, feilretting og utvikling.
- Handtere alarmar, hendingar og tekniske avvik.
- Bidra til kompetansedeling, fagutvikling og vidareutvikling av eit sterkt nettverksfagleg miljø.
- Arbeide med GitOps og kunnskapsdeling for å sikre effektive og standardiserte arbeidsprosessar.
- Bidra til oppfølging og forbetring av IKT-sikkerheita i datasentera.
Requirements
- Du har høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan IT, eller solid relevant arbeidserfaring.
- Du må kunne sikkerheitsklarerast i samsvar med Verksemdsforskrifta § 69.
- Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Du er ansvars- og kvalitetsbevisst med høg grad av integritet.
- Du kan jobbe sjølvstendig og tverrfagleg med komplekse oppgåver.
Skills
Experience
mid-level
