Har du lyst å gjera "heima best" til ein realitet for våre tenestemottakarar ?
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Sign in to auto-apply
Job Description
Miljøterapeut
Er du typen som trivest når ingen dagar er like? Brenn du for å skapa meistring, ser moglegheiter framfor begrensningar og er trygg i rolla di? Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter.
Arbeidsoppgåver
Hos oss skal jobben handla om livskvalitet.
- Miljøterapi i særklasse: Du er ei viktig brikke i tenestemottakaren sitt liv og må rekne med primærkontaktansvar.
- Fagleg frontfigur: Du får ansvar for tiltaksplanar, oppfølging av Hol kap. 9, og syta for, saman med dine kollegaer, for at vi alltid held høg kvalitet.
- Glede og meistring: Du legg til rette for meistring og aktivitet ut ifrå tenestemottakarane sine eigne premisser.
- Samarbeid: Du jobbar tett med alle våre samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
Requirements
- Du må ha sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på bachelornivå.
- Du må ha relevant erfaring frå målretta miljøarbeid.
- Du må ha kompetanse knytt til atferdsutfordringar.
- Du må kunne leggja fram politiattest.
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Skills
MiljøterapiMålretta miljøarbeidTiltaksplanleggingHelse- og omsorgstenestelova kapittel 9GeriatriSamarbeidsevner
Experience
mid-level