Autosøk
NGIR logo

Fagansvarleg kunderettleiing

NGIR

Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin

Job Description

Fagansvarleg kunderettleiing

Kvar dag hjelper vi innbyggjarar og verksemder med å ta gode miljøval. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte treng vi kundetenester som er effektive, framtidsretta og skapar gode opplevingar for dei som tek kontakt med oss. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert fagansvarleg kunderettleiing som vil vere med å styrkje og vidareutvikle kundetenestene våre.

Dette skal du jobbe med

Som fagansvarleg kunderettleiing får du ei sentral rolle i kontakten mellom NGIR og innbyggjarane i regionen. Du er ein viktig fagressurs i avdelinga og skal bidra til at kundane får rask, tydeleg og profesjonell hjelp, samstundes som du har ansvar for å sikre kvalitet, kompetansedeling og kontinuerleg utvikling av kunderettleiinga.

Rolla kombinerer operativ kundekontakt med fagleg ansvar. Du vil rettleie kundar på telefon, e-post, digitale kanalar og ved kundebesøk, men også vere pådrivar for gode rutinar, effektiv arbeidsflyt og einsarta kundehandsaming i tråd med lov og retningslinjer.

Kvifor velje NGIR?

  • Ei sentral rolle med stor påverknad på utviklinga av kundetenestene våre.
  • Varierte arbeidsdagar med kombinasjon av drift, utvikling og fagleg ansvar.
  • Moglegheit til å forme rutinar, arbeidsprosessar og framtidige løysingar.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Fagleg utvikling og høve til å setje retning innan ditt ansvarsområde.

Requirements

  • Du har relevant høgare utdanning på bachelor-nivå innan administrasjon, serviceleiing, offentleg forvaltning, kommunikasjon, marknadsføring eller tilsvarande fagområde.
  • Du har erfaring frå kundeservice, kundedialog eller fagleg koordineringsarbeid.
  • Du har god digital kompetanse og forståing for korleis digitale løysingar kan bidra til betre tenester.
  • Du uttrykkjer deg godt både munnleg og skriftleg på nynorsk.
  • Du er komfortabel med å formidle informasjon til ulike målgrupper.

Skills

KundeserviceFagleg koordineringDigital kompetanseKommunikasjonProsessutviklingNynorsk skriftleg og munnleg

Experience

mid-level

Similar Jobs