Autosøk

Kven skal leia dei neste 20?

Gjeraldstveit Mekaniske AS

Brynaskogen 9, 5705 Voss

Job Description

DAGLEG LEIAR -- GJERALDSTVEIT MEKANISKE AS

54 år med historie. Kven skal leia oss dei neste 20?

Gjeraldstveit Mekaniske har arbeidd med stål gjennom to generasjonar. Sidan 1972 har me utvikla oss frå tradisjonelt stålarbeid til stålkonstruksjonar for samferdsel, energi, teknologi, produksjon og bygg.

No skal me vidare. Du har truleg ein god jobb alt. Me ser etter personen som skal ta ansvar for neste fase. Me leitar ikkje etter ein klassisk administrator, men ein som tenkjer som ein ingeniør.

Du forstår tekniske problemstillingar og ser samanhengen frå kalkyle og teikning til produksjon, montasje, kunde og botnlinje. Ei god teknisk løysing er ikkje nok; den skal kunne produserast, leverast, og prosjektet skal tene pengar.

Som dagleg leiar får du det overordna ansvaret for drift, folk, økonomi, kundar, prosjekt og resultat. Du skal leie og vidareutvikle selskapet, sikre nye oppdrag, følgje opp større prosjekt, utvikle organisasjonen, prioritere kapasitet og sikre kvalitet og gode arbeidsprosessar.

Me tilbyr:

  • Reell påverknad og korte avgjerdsvegar.
  • Tett samarbeid med eigar.
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Requirements

  • Du har relevant utdanning som ingeniør innan bygg, konstruksjon, maskin, produksjon eller tilsvarande.
  • Du har solid erfaring frå industri, bygg, konstruksjon, produksjon, entreprenørverksemd eller tekniske prosjektmiljø.
  • Du evnar å sjå samanhengen mellom tekniske løysingar, produksjon, kundekrav og økonomisk resultat.
  • Du har dokumentert evne til å leie, utvikle organisasjonar og sikre gode arbeidsprosessar.
  • Du er klar for å ta det overordna ansvaret for drift, folk og resultat i ei bedrift i vekst.

Skills

Dagleg leiingProsjektleiingØkonomistyringTeknisk forståingStrategisk utviklingOrganisasjonsutvikling

Experience

senior

Similar Jobs