Administrasjonsleiar og sosialarbeidar – 100 % stilling
OSEN 5, 5411 Stord, Stord
Sign in to auto-apply
Job Description
Administrasjonsleiar og sosialarbeidar – 100 % stilling
Likar du å kombinere struktur og orden med arbeid tett på menneske? Ønskjer du ein jobb der du får ansvar, tillit og høve til å gjere ein forskjell i unge menneske sine liv? Hos oss kombinerer du administrasjon (50 %) med sosialt arbeid (50 %) i eit levande folkehøgskulemiljø.
Arbeidsoppgåver - administrasjon
Som administrasjonsleiar vil du mellom anna ha ansvar for:
- Budsjettarbeid og økonomisk oppfølging internt og i samarbeid med rekneskapsførar
- Kontering og fakturering
- Utarbeiding og oppfølging av turnus for driftspersonale
- Ansvar for kommersiell drift, mellom anna utleige
- Oppfølging av internasjonale søkjarar
- Andre administrative oppgåver knytt til den daglege drifta av skulen
Arbeidsoppgåver - sosialt arbeid
Om lag halvparten av stillinga er knytt til sosialt arbeid og oppfølging av elevane. Du vil vere ein synleg og tilgjengeleg vaksenperson i skulemiljøet og bidra til tryggleik, trivsel og eit godt sosialt fellesskap. Arbeidet omfattar mellom anna:
- Tilsyn og sosialarbeid blant elevane
- Oppfølging av elevar og det sosiale miljøet ved skulen
- Bidra til å skape eit inkluderande, trygt og godt internat- og skulemiljø
- Delta i aktivitetar og andre oppgåver knytt til elevmiljøet
- Tilsyn inngår som ein del av stillinga, nokre helger må påreknast.
Vi tilbyr
- Ei variert stilling der du får kombinere administrativt ansvar med arbeid tett på elevane
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit kreativt og inkluderande miljø som verdset initiativ og samarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Requirements
- Du har relevant utdanning og/eller erfaring innan administrasjon, økonomi eller tilsvarande.
- Du har god økonomisk forståing og evne til å arbeide strukturert med administrative oppgåver.
- Du har god digital kompetanse og gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter.
- Du er strukturert, nøyaktig, trygg og raus i møte med unge menneske.
- Du har evne til å skape gode relasjonar, ta initiativ og arbeide sjølvstendig.
- Det er ein fordel med erfaring frå skule, folkehøgskule, sosialt arbeid eller arbeid med ungdom.
Skills
AdministrasjonØkonomistyringBudsjettarbeidSosialt arbeidRelasjonsbyggingDigital kompetanseTurnusplanlegging
Experience
mid-level