Sign in to auto-apply
Job Description
Vil du vere med og gjere ein forskjell for betre folkehelse i Hordaland og Sogn og Fjordane? Vi ser etter deg som er glad i frivilligheita, og som ønskjer å leggje til rette for og støtte helselaga og demensforeiningane våre.
Stillinga er eit vikariat i 70 prosent stilling frem til 01.08.2027. Aktivitetskoordinatoren rapporterer til dagleg leiar ved fylkeskontoret og har kontorstad på Kronstad i samlokalisering med Idrettens Hus. Du vil bli ein del av eit team på tre personar som saman skal bidra til auka frivilligheit og folkehelse i regionen vår.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Administrere tilskotsordningar for laga våre
- Følgje opp utdelingar av Folkehelseprisen og Demensprisen
- Bidra i arbeidet med nasjonale kampanjar som Hopp for Hjerte og Demensaksjonen
- Bidra aktivt i arbeidet med Demensvennleg samfunn
- Svare på førespurnader og bidra til administrativ drift av kontoret
- Andre oppgåver etter avtale
Vi tilbyr:
Hos oss i Nasjonalforeningen for folkehelsen vil du få:
- Ein meiningsfull jobb i ein anerkjend organisasjon
- Engasjerte kollegaer med ulike fagbakgrunnar og høg kompetanse
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Fleksitid, sommartid og ei ekstra ferieveke
- Lønn etter avtale og gunstige låne- og pensjonsordningar gjennom Statens pensjonskasse
Requirements
- Du har erfaring frå og kjennskap til frivilligheita og/eller organisasjonsarbeid.
- Du har høgare utdanning på bachelornivå, men relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Du er sjølvstendig, systematisk og glad i menneske.
- Du kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på nynorsk.
- Du har gode IT-kunnskapar, spesielt innan Office 365.
Skills
OrganisasjonsarbeidFrivilligheitAdministrasjonOffice 365KommunikasjonKoordinering
Experience
mid-level