Autosøk

Fagarbeidarar i barnehagane i Skjåk

Skjåk Kommune Sentraladministrasjon

Moavegen 30, 2690 Skjåk, Innlandet, Skjåk

Job Description

Fagarbeidarar i barnehagane i Skjåk

Vil du vere fagarbeidar i ein heilt ny barnehage i Skjåk? Vi søkjer fagarbeidarar som vil vere med frå starten og skape ein inkluderande barnehage i godt samarbeid med barn, familiar og kollegaer.

Om Skjåkspira barnehage

I oktober 2026 opnar Skjåk den heilt nye Skjåkspira barnehage med fem avdelingar i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett.

Arbeidsoppgåver

  • Gje barna omsorg, tryggleik og støtte i kvardagen.
  • Fylgje opp barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp, i tett samarbeid med pedagogisk leiar.
  • Bidra i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogiske aktivitetar.
  • Leggje til rette for leik, fysisk aktivitet og kreativ utfalding.
  • Støtte barn si språkutvikling og sosiale kompetanse.
  • Bidra til eit inkluderande fellesskap der alle barn opplever meistring og tilhøyrsle.
  • Ha open og god dialog med føresette.

Requirements

  • Du må ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning/erfaring.
  • Du må ha utdanning eller erfaring innanfor arbeid med spesialpedagogikk.
  • Du må ha erfaring frå arbeid med barn med særskilde eller samansette behov.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Du må kunne leggje fram godkjent politiattest av nyare dato.

Skills

Barne- og ungdomsarbeidSpesialpedagogikkPedagogisk planleggingKommunikasjon med føresetteSpråkutvikling hos barnIKT-kompetanse

Experience

mid-level

Similar Jobs