Barne- og ungdomsarbeidar i Syltebøen barnehage
Oppvekst og kultur Fjord kommune
Olavsgata 20, 6210 Valldal
Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Barne- og ungdomsarbeidar i Syltebøen barnehage
Fjord kommune har ledig inntil seks (6) stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i Syltebøen barnehage frå 03.08.2026.
Syltebøen barnehage har to avdelingar for barn i aldersgruppa 1 til 3 år og to avdelingar for aldersgruppa 3 -6 år. Vi har eit godt arbeidsmiljø, ei godt utdanna personalgruppe og god fagleg utvikling.
Barnehagen ligg sentralt til i Valldal med tilgang til eige uteområde og fine naturleikeplassar i nærområdet. Idrettshall og bibliotek, som blir aktivt brukt, ligg like ved barnehagen. Samarbeid med open omsorg i nabobygget, gjer at vi blant anna har tilgang på drivhus og høner på tunet.
Vi er opptekne av at barn, ved hjelp av gode vaksne, skal oppleve vennskap, samhald og respekt i eit trygt, godt og lærande barnehagemiljø.
Arbeidsoppgåver
- Vere pedagogisk medarbeidar i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i barnehagen
- Vere aktiv i barnehagen sine utviklingsarbeid
- Vere ein trygg vaksen for barn og føresette
- Medansvar i arbeidet med HMS
Requirements
- Du må ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ufaglærte har også høve til å søkje.
- Du må meistre norsk godt både munnleg og skriftleg, då kommunen har nynorsk som målform.
- Det vert stilt krav om godkjend politiattest ved tiltreding.
- Du må vere sjølvstendig, løysingsorientert og ha gode samarbeidsevner.
- Du må vere ein god rollemodell og flink til å rettleie.
Skills
Experience
entry-level