Autosøk
Eide Fjordbruk logo

Deltidsstilling

Eide Fjordbruk

5035 Bergen

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Deltidsstilling

Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. For å nå denne visjonen er me avhengige av dyktige og motiverte kollegaer.

Me har utvikla eit nytt senter for EBIT og biologi, med ansvar for biologisk styring og forvaltning av all fisk frå om lag 1 kg og fram til slakt. Som deltidsansatt blir du ein del av det operative leddet som omset biologi til EBIT -- der kvar fôringsavgjerd, vekstkurve og helsestatus skal sjåast i samanheng med slakteplan og marknad. Stillinga passar for deg som ønskjer relevant arbeidserfaring ved sida av studia, og som kan bidra i avgrensa periodar, til dømes ved ferieavvikling, sesongtoppar eller anna fråvær.

Om stillinga:

I rolla blir du ein del av den daglege drifta og får arbeide tett saman med erfarne kollegaer i eit fagmiljø med fokus på kvalitet, fiskevelferd og berekraft. Arbeidskvardagen er variert og gir deg moglegheita til å utvikle praktiske ferdigheiter, få innsikt i produksjonen og lære korleis ulike delar av havbruksdrifta heng saman.

Eksempel på arbeidsoppgåver:

  • Dagleg fôring og appetittkontroll
  • Forvaltning av fisken
  • Plan, analyse og EBIT
  • Utvikling og effektivisering
  • Samhandling med driftsteama

Requirements

  • Du er student innan akvakultur, biologi, marinfag eller tilsvarande.
  • Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du er fleksibel og kan stille på relativt kort varsel i avgrensa periodar.
  • Du er engasjert, lærevillig og trivst med å jobbe i team.
  • Fagbrev eller relevant utdanning innan akvakultur er ein fordel, men erfaring kan kompensere for formell utdanning.

Skills

AkvakulturBiologiFôringssystemKameraovervakingDataanalyseTeamarbeidFiskevelferd

Experience

entry-level, junior

Similar Jobs