Autosøk
Arbeids- og ansvarsområde logo

Fagansvarleg løn - vikariat

Arbeids- og ansvarsområde

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Om arbeidsstaden

Personal - og organisasjonsutvikling har ansvar for personaladministrasjon, løn, kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, leiarutvikling, rekruttering, sjukefråvær, arbeidsrettslege tema, arbeidsgjevarpolitikk, drøftingar og forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonar. Austevoll kommune har fokus på vidareutvikling og forbetring av rutinar og stillinga skal bidra til at vi driftar kommunen effektivt og utviklar kommunen som arbeidsgjevar til beste for både tilsette og innbyggjarane.

Om stillinga

Vi har ledig eit eittårig vikariat som fagansvarleg for løn frå snarast. Stillinga ligg i eining for personal- og organisasjonsutvikling og rapporterer til personalsjefen. Vi søker ein dyktig og utviklingsorientert fagansvarleg som vil vere med og utvikle framtidsretta løysingar for kommunen. Stillinga skal sikre fagleg forsvarleg og effektiv forvaltning av lønsprosessane i kommunen. Du får ansvar for kvalitetssikring, fagutvikling, etterleving av regelverk og koordinering innan lønsområdet.

Arbeids- og ansvarsområde

  • Sikre korrekt lønsutbetaling til tilsette og folkevalde til rett tid.
  • Forvalte og kvalitetssikre lønsprosessane og lønssystema i kommunen.
  • Sørge for at lønshandsaminga skjer i samsvar med lovverk, tariffavtalar og interne reglement.
  • Koordinere lønsarbeidet i kommunen og vere fagleiar for lønsmedarbeidarane.
  • Vere fagleg støtte for leiarar i spørsmål om løn.
  • Tolke og praktisere tariffavtalar, særavtalar og lønsføresegner.
  • Vere kontaktpunkt mot eksterne samarbeidspartnarar, revisjon og offentlege styresmakter.
  • Kvalitetssikre rapportering til offentlege styresmakter.
  • Delta i lønsforhandlingar med fagleg støtte og dokumentasjon ved behov.
  • Utarbeide rutinar, retningslinjer og internkontroll innan lønsområdet.
  • Følge opp revisjonsmerknader og bidra i forbetringsarbeid.
  • Delta i utvikling og digitalisering av løns- og personalprosessar.
  • Gi opplæring og fagleg rettleiing til leiarar og medarbeidarar.
  • Ha fagansvar for HRM-systemet.

Requirements

  • Du må ha relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne masternivå.
  • Du må ha minimum tre års erfaring og kompetanse innan fagområdet.
  • Du må ha kjennskap til administrative datasystem og generelt god IKT-kompetanse.
  • Du må ha kjennskap til lov- og avtaleverk.
  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Skills

LønnsadministrasjonHRM-systemerTariffavtalerIKT-kompetanseRådgivningKvalitetssikringDigitalisering

Experience

mid-level

Similar Jobs