Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Pedagogisk leiar
Kvernaland barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.09.2026. I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø.
Kvernaland barnehage
Kvernaland barnehage er ein kommunal barnehage som sto ny i 2011. Me har ein barnehage som bidreg til trivsel og glede i leik og læring. Miljøet innbyr til fysisk utfolding, ein god og trygg stad for fellesskap og vennskap.
Kvifor søke på arbeid hjå oss?
- Godt arbeidsmiljø: Kvernaland barnehage kan tilby eit positivt og støttande arbeidsmiljø.
- Fokus på barnas trivsel og læring: Me har eit stimulerande læringsmiljø.
- Fagleg utvikling: Moglegheiter for kompetanseheving gjennom etterutdanning, intern opplæring og jobbskyggeaktivitet.
- Gode ressursar: Godt barnehagebygg med store inneareal og prioritering av vikarar ved fråvær.
- Moglegheit for påverknad: Bidra til utviklinga av barnehagen og implementera nye initiativ.
Arbeidsoppgåver
- Gje barna ein god og trygg start på livet.
- Følgja opp og utvikla tilsette på avdelinga.
- Legge til rette for eit godt samarbeid blant kollegaer og med føresette.
- Ta ansvar for planlegging, dokumentasjon og vurdering.
- Være med på å utvikla barnehagen vidare.
Vi tilbyr
- God pensjonsordning (KLP).
- Lønn etter tariff.
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass.
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø.
Requirements
- Du har godkjent utdanning som barnehagelærar eller anna relevant høgskule-/universitetsutdanning innan barnehagepedagogikk.
- Du har gode norskkunnskapar med god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Du har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
- Du er fagleg engasjert, løysningsorientert og målbevisst.
- Du har erfaring frå arbeid som pedagogisk leiar (ønskjeleg).
Skills
BarnehagepedagogikkPedagogisk leiingRelasjonskompetanseDokumentasjon og vurderingSamarbeidsevnerGruppeleiingKommunikasjonsevner
Salary
Lønn etter tariff
Experience
mid-level