Autosøk
Kvalifikasjonar logo

Betongarbeider / Tømrer

Kvalifikasjonar

Krånavegen 5, 6823 Sandane

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Betongarbeider / Tømrer

Veidekke Bygg Sogn og Fjordane har behov for fleire betongarbeidarar og tømrarar i Nordfjord. Akkurat no bygger vi Skram skule i Måløy i Kinn kommune, og prosjektet går fram til sommaren 2027. Vi har også nye spennande prosjekt på blokka framover.

Vi ser etter deg som er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har stå-på-vilje og godt humør. Du har fagbrev eller ynskjer å ta eit fagbrev, og har lyst til å vere med å vidareutvikle vårt distrikt innan satsingsområda private næringsbygg, bustader, offentlege formålsbygg og anleggsrelaterte prosjekt.

Som betongarbeidar eller tømrar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ei involverande arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.

I distriktet jobber vi vanlegvis 4- eller 5-dagers veke, og i nokre tilfeller i rotasjonsordningar. Dersom du er mobil og ynskjer å vekependle så er det høve til det, men vi ynskjer fortrinnsvis at du er busett i vårt distrikt.

Vi tilbyr

  • Fast jobb i eit uformelt og godt arbeidsmiljø hos ein trygg og seriøs arbeidsgivar
  • Fri mobiltelefon
  • Personleg verktøypakke
  • Gode lønnsvilkår og ordningar for forsikring og pensjon
  • Framtidsretta arbeidsmetodar, gode utviklingsmulegheiter og digitale løysingar
  • Breitt spekter av kurs og opplæring
  • Ordning for aksjekjøp

Requirements

  • Du har fagbrev innan betong- eller tømrarfaget, eller relevant erfaring med ynskje om å ta fagbrev.
  • Du må kunne kommunisere på norsk, svensk eller dansk.
  • Du er strukturert, sjølvgåande og har god arbeidsmoral.
  • Du har fokus på HMS og kvalitet i arbeidet ditt.
  • Du er interessert i å jobbe med digitale verktøy og ny teknologi på byggeplassen.

Skills

BetongarbeidTømrararbeidHMS-forståingDigital byggeplassstyringBIM-kompetanseSamarbeidsevner

Experience

mid-level

Similar Jobs