Autosøk
Medvind Assistanse logo

Gut på 22 år trenger ekstra armar og bein. Og aller helst heile folk.

Medvind Assistanse

5454 Sæbøvik

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Gut på 22 år trenger ekstra armar og bein. Og aller helst heile folk.

Kjappe replikkar, glimt i auga og god nordnorsk humør. Eg bruker elektrisk rullestol, og trenger hjelp til mykje, bortsett frå gaming. Det er supert om du likar å kjøre bil, for du blir nemlig privatsjåføren min. Eg har sett det meste av matprogram og prøver stadig nye rettar. Viss du har sett Ratatouille, så er samarbeidet slik at eg fjernstyrer deg. Eg forteller og smakar til, og du gjer kokkeleringa for meg.

Det er fint om du kan ta i eit tak, men eg har personløftar og andre smarte hjelpemiddel. Eg bur for meg sjølv, så det blir noko husarbeid, og praktiske gjeremål. Kle må vaskast, golv må vaskast, det må handlast, og det må sjå greit ut på assistentrommet.

Det er greit å vere passe laid-back. Ting skal gjerast, men det er sjeldan stress eller mykje å gjere. Det vert mykje tid til surfing, strikking, spikking, eller lesing om det er di greie. Studerer du noko? Ta med bøkene, det blir ofte tid til å lese og skrive på oppgåver.

Nokre gonger i året må eg på EU-kontroll på sjukehuset. Då kan det hende du må bli med, og overnatte på pasienthotellet. Eller så kan det hende du må bli med meg på roadtrip om eg skal på tur.

Kven er du?

  • Du bør vere trygg på deg sjølv, kunne løyse problem og ta ting på strak arm.
  • Du er punktlig, pliktoppfyllande og til å stole på.
  • Du jobbar godt sjølvstendig, og hjelper til med det som trengst.
  • Du er strukturert og har god ordenssans.
  • Du må ha førarkort klasse B, og må ikkje vera redd for å køyra stor bil.
  • Du snakker og skriver flytande norsk.

Requirements

  • Du må ha førarkort klasse B og vere komfortabel med å køyre stor bil.
  • Du må vere punktlig, pliktoppfyllande og til å stole på.
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og ta initiativ til praktiske oppgåver.
  • Du må vere trygg på deg sjølv og kunne løyse problem på strak arm.
  • Du må snakke og skrive flytande norsk.

Skills

Personlig assistanseMatlagingHusarbeidBilføringKommunikasjonStruktur og ordenssans

Experience

entry-level

Similar Jobs