Autosøk

Pedagogisk leiar

Kvernaland barnehage, Time kommune

Holmebakken 45, 4355 Kvernaland

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Pedagogisk leiar

Kvernaland barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.09.2026.

I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.

Kvernaland barnehage er ein kommunal barnehage som sto ny i 2011. Me har ein barnehage som bidreg til trivsel og glede i leik og læring. Miljøet innbyr til fysisk utfolding, ein god og trygg stad for fellesskap og vennskap.

Kvifor søke på arbeid hjå oss?

  • Godt arbeidsmiljø: Kvernaland barnehage kan tilby eit positivt og støttande arbeidsmiljø der personalet verdsettast og trivast.
  • Fokus på barnas trivsel og læring: Me har eit stimulerande læringsmiljø der barna trivest og utviklar seg.
  • Fagleg utvikling: Det er moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom etterutdanning, intern opplæring, jobbskyggeaktivitet i EØS/EU land og planleggingsdagar.
  • Gode ressursar: Kvernaland barnehage kan tilby eit godt barnehagebygg med store inneareal for allsidig leik og utvikling.
  • Moglegheit for påverknad og deltaking: Som tilsett i Kvernaland barnehage har ein moglegheit til å bidra til utviklinga av barnehagen og vera med på å forma og implementera nye initiativ og tiltak.

Arbeidsoppgåver

Me ser etter ein pedagog som kan:

  • Gje barna ein god og trygg start på livet.
  • Følgja opp og utvikla tilsette på avdelinga.
  • Legge til rette for eit godt samarbeid blant kollegaer og med føresette.
  • Ta ansvar for planlegging, dokumentasjon og vurdering som bidreg til eit trygt og inkluderande miljø for både barn og tilsette.
  • Være med å utvikla barnehagen vidare.

Requirements

  • Du har godkjent utdanning som barnehagelærar eller anna relevant høgskule-/universitetsutdanning innan barnehagepedagogikk.
  • Du har gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt.
  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Du har erfaring frå arbeid som pedagogisk leiar (ønskjeleg).
  • Du har evne til å omsette teori ut i praksis og fokus på inkludering.

Skills

BarnehagepedagogikkGruppeleiingRelasjonskompetansePlanlegging og dokumentasjonSamarbeidsevnerLøysningsorientert

Salary

Lønn etter tariff

Experience

mid-level

Similar Jobs