Vil du vere med og forme helsetenestene i Solund?
Solund kommune Helse og omsorg
Hardbakke, 6924 Hardbakke
Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Vil du vere med og forme helsetenestene i Solund?
Solund kommune søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar i 100 % fast stilling som assisterande leiar ved Solundheimen. Solundheimen har 19 plassar i tillegg til ei KAD-seng. Som assisterande leiar vil du ha medansvar for institusjon, heimeteneste og miljøteneste, og fungere som ei støtte for leiar for å sikre effektiv drift og høg kvalitet i tenestene.
Arbeidsoppgåver:
- Støtte leiar: Bidra til at tenestene vert drivne effektivt og profesjonelt, og vere til stades ved leiars fråvær.
- Kulturbygging: Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein positiv, profesjonell kultur.
- Planlegging og struktur: Hjelpe til med vaktplanlegging, handtering av sjukefråvær og sikre trygge og føreseielege rammer.
- Fagleg ansvar: Vere ein trygg og oppdatert sjukepleiar som sikrar fagleg forsvarleg drift.
Requirements
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (minimum nivå B2).
- Du må ha gode kommunikasjonsevner.
- Du må ha evne til å takle omstilling og hektiske periodar.
Skills
SjukepleieLeiarstøtteVaktplanleggingKulturbyggingKommunikasjonOmstillingsevneFagleg leiing
Salary
Løn etter tariff med lokalt tillegg på kr. 27 000,- per år.
Experience
mid-level