Autosøk

Helgestilling på Solundheimen

Solund kommune Helse og omsorg

Hardbakke, 6924 Hardbakke

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Helgestilling på Solundheimen

Solund kommune har slått saman institusjonstenesta og heimetenesta til ei eining, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar og heimebuande brukarar. Kommunen har òg si eiga ØHD/KAD seng knytt til institusjonstenesta.

Solundheimen ligg på Hardbakke i Solund og har 19 sengeplassar. Heimetenesta reiser heim til heimebuande i Solund kommune som treng bistand i heimen. Me har ledige helgestillingar med arbeid 2. eller 3. kvar helg.

Stillingsstorleik er 14-20 % avhengig av kor ofte du arbeidar helg. Det er mogleg å vere tilkallingsvikar i tillegg dersom dette er ynskjeleg.

Arbeidsoppgåver:

  • Personleg hjelp og omsorg til brukarar i og utanfor institusjon.
  • Bidra til god informasjonsflyt på avdelinga.
  • Vere fleksibel til også å kunne utføre andre relevante oppgåver.
  • Bidra aktivt til eit positivt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

  • Løn i følgje tariff.
  • God offentleg pensjonsordning.
  • Godt arbeidsmiljø.

I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga.

Requirements

  • Du må ha helsefagleg utdanning, vere elev/student, eller ha erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim eller heimeteneste.
  • For arbeid i heimeteneste er det krav om førarkort på vanleg bil.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og vere god på å samarbeide.
  • Du må vere positiv, engasjert, fleksibel og ha godt humør.
  • Du må vere serviceinnstilt og setje bebuarane sine ynskje og behov i fokus.

Skills

Helsefagleg forståingOmsorgsevneSamarbeidsevnerSjølvstendig arbeidServiceinnstillingFørarkort klasse B

Experience

entry-level

Similar Jobs