Autosøk

ID 2469 Sjukepleiar/miljøterapeut - Tenester til heimebuande

Stord kommune

Stord

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Sjukepleiar/miljøterapeut - Tenester til heimebuande

Bustadsosialt team og Ambulant team søkjer etter sjukepleiar - miljøterapeut. Er du ein engasjert sjukepleiar eller har anna 3-årig relevant helseutdanning, og ønskjer å arbeide med menneske innan psykisk helse og rus? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt! Helsefagarbeidarar er også velkommen til å søke.

Avdeling psykisk helse og rus i Stord kommune er organisert i Tenester til heimebuande. Innan psykisk helse og rus gir me målretta og fagleg sterke tenester til heimebuande brukarar.

Me har ledig fast 100% stilling som sjukepleiar/miljøterapeut. Stillinga har dagvakter i vekedagar, med arbeid kvar 3. helg i årsturnus.

Arbeidsoppgåver

  • Gi helsehjelp og oppfølging til personar med psykiske lidingar og rusutfordringar
  • Arbeide målretta for å fremje meistring, stabilitet og livskvalitet
  • Følgje opp vedtak og melde frå ved behov for endringar i tenestene
  • Være primærkontakt og samarbeide tett med brukarar, pårørande og andre faggrupper
  • Delta i tverrfagleg arbeid og samarbeide med interne og eksterne tenester
  • Utføre dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar, lovverk og krav
  • Bidra aktivt i fagutvikling og kvalitetsforbetring
  • Arbeide etter prinsippet <<Kva er viktig for deg>>

Requirements

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar eller anna 3-årig relevant helseutdanning.
  • Du må ha erfaring frå arbeid innan psykisk helse og/eller rus.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må kunne leggje fram gyldig politiattest før tiltreding.

Skills

Psykisk helsearbeidRusoppfølgingRelasjonskompetanseDokumentasjonTverrfagleg samarbeidVelferdsteknologi

Experience

mid-level

Similar Jobs