Autosøk

ID 2473 Barne- og ungdomsarbeider - Furuly barnehage

Stord kommune

Stord

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Barne- og ungdomsarbeider - Furuly barnehage

Furuly barnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Ådland i eit roleg boligområde. Barnehagen har fine turområde, med kort veg til både skog, vatn og sjø.

Me har ledig fast 34% stilling for barne- og ungdomsarbeidar, frå 01.11.2026. Stillinga kan verta auka til 100% frå 01.01.27.

Arbeid- og ansvarsområde:

Du vert ein del av barnehagen sin organisasjon, som består av pedagogiske leiarar, fagarbeidarar, assistentar, og styrar. Som fagarbeidar/assistent vil du få medansvar for leiing av den avdelinga/barnegruppe du skal høyre til, i tett samarbeid med tilhøyrande pedagog og assistent/fagarbeidar. Samstundes må du ha evne til å sjå heilskapen, og barnehagen samla, som ein organisasjon. Du skal bidra til å sikra god kvalitet på den daglege drifta, og organiseringa av barnehagen. Og bidra til at barnehagen utviklar seg som ein lærande organisasjon.

Me kan tilby:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
  • Offentleg tenestepensjon
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

Requirements

  • Du må ha fullført fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Du må kunne ta imot rettleiing og gjere deg nytte av denne.
  • Du må ha gode samarbeidsevner og vere lojal mot organisasjonen.
  • Du må vere løysningsorientert, fleksibel og omstillingsdyktig.
  • Du må ha stor arbeidskapasitet og høg arbeidsmoral.
  • Du må kunne leggje fram gyldig politiattest før tiltreding.

Skills

Barne- og ungdomsarbeidSamarbeidsevnerLøysningsorientertFleksibilitetArbeidsmoralPedagogisk forståing

Experience

entry-level

Similar Jobs