Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Om Havbruksavdelinga
Havbruksnæringa er ei av Noregs viktigaste eksportnæringar, og betyr mykje for verdiskaping og aktivitet langs heile kysten. Havbruksavdelinga har i dag rundt 20 tilsette, og her får du jobbe med forvalting og utvikling av næringa. Hos oss får du brynt deg på avvegingar mellom næringsutvikling og miljøomsyn, og du vil arbeide i kryssingspunktet mellom fag og politikk.
Arbeidsoppgåver
Havbruksavdelinga søkjer ein person som mellom anna skal arbeide med forvaltningsmessige problemstillingar, som utvikling av økonomiske rammevilkår og gjennomføring av næringspolitikken på havbruksområdet. Du vil til dømes kunne bli sett til å arbeide med stortingsmeldingar og strategiar, budsjettarbeid, lovarbeid, forskrifter og høyringsnotat. I tillegg vil du hjelpe til med førebuing av saker, møte og reiser for den politiske leiinga i departementet.
Vi tilbyr
- Fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar.
- Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar og erfaring (640 000 - 900 000 kr avhengig av stillingsnivå).
- Interessante, utfordrande og nyskapande arbeidsoppgåver i eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø.
- Kompetanseutvikling og fagleg oppdatering.
- Fleksibel arbeidstidsordning og betalt overtid.
- Høve til trening i arbeidstida.
- Gode ordningar for lån, forsikring og pensjon gjennom Statens pensjonskasse.
- Kontorstad i nye og moderne lokale i Regjeringskvartalet.
Requirements
- Du må ha utdanning på masternivå som samfunnsøkonom, siviløkonom eller samfunnsvitar med økonomi i fagkretsen.
- Du må ha forvaltningskompetanse og god forståing av politiske beslutningsprosessar.
- Du må ha god evne til å utrykkje deg skriftleg og munnleg på norsk og gjerne engelsk.
- Du må ha evne til kritisk og analytisk tenking samt god gjennomføringsevne.
- For stilling som seniorrådgjevar krevst minst fire års relevant erfaring.
Skills
Salary
640 000 - 900 000 kr per år
Experience
mid-level