Autosøk
Kven ser vi etter? logo

Dagleg leiar

Kven ser vi etter?

Langebruvegen 12, 6800 Førde

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Dagleg leiar

Eiendomsmegler 1 Sogn og Fjordane er eit veletablert selskap med ein sterk marknadsposisjon og ei lang historie på Vestlandet. No står selskapet framfor ei spennande utvikling med vidare vekst gjennom oppkjøpet av eit større eigedomsmeklarmiljø i Bergen. I den samanhengen søker vi ein dagleg leiar som skal samle eit sterkt fagmiljø, bygge ein felles kultur og vidareutvikle eit av dei leiande eigedomsmeklarselskapa på Vestlandet.

Som dagleg leiar får du det overordna ansvaret for drift, resultat og vidare utvikling av selskapet. Du skal leie eit selskap i endring og bidra til å realisere gevinstane av vekst og oppkjøp. Ei viktig oppgåve vil følgeleg vere å samle organisasjonen, utvikle kultur og arbeidsformer på tvers av kontor og geografiske områder.

Vi ser difor etter ein leiar som kan kombinere kommersiell kraft med god menneskeleiing. Du byggjer tillit, set retning og får folk til å lukkast saman. Du er tydeleg når det trengst, samlande når det betyr mest, og trivst med å utvikle både leiarar, medarbeidarar og organisasjonar.

Dette er ei moglegheit til å leie og vidareutvikle eit av dei største eigedomsmeklarmiljøa på Vestlandet i ei tid med store moglegheiter. Du får ansvar, påverknad og handlingsrom til å forme både organisasjonen, kulturen og den vidare utviklinga av selskapet.

Som del av SpareBank 1 Sogn og Fjordane får du også ta del i attraktive personalordningar, mellom anna medeigarskap gjennom eignekapitalbevis, gode finansielle vilkår og fleire velferdsgode.

Du rapporterer til direktør for kunde og marknad og arbeider tett med styre, eigarar og leiarmiljø om både strategiske og operative spørsmål.

Requirements

  • Du har erfaring med å leie organisasjonar gjennom endring, vekst eller integrasjon.
  • Du evnar å bygge kultur, samhandling og felles retning på tvers av einingar.
  • Du har kommersiell forståing og teft for marknadsutvikling.
  • Du er trygg i rolla som leiarutviklar og lagbyggjar.
  • Du kommuniserer tydeleg og skaper engasjement rundt mål og prioriteringar.
  • Du har høgare utdanning på minimum bachelornivå.

Skills

Leiing av fagmiljøEndringsleiingOrganisasjonsutviklingForretningsutviklingStrategisk planleggingKulturbyggingKommersiell forståing

Experience

senior

Similar Jobs