Autosøk
Unknown Company logo

Barnehagelærar

Unknown Company

Skulevegen 31, 4755 Hovden i Setesdal

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Barnehagelærar

Til barnehagen vår på Hovden treng vi ein barnehagelærar i 100% vikariat frå 01.10.2026 (evt. etter avtale) - 31.07.2027.

Har du lyst på ein annleis periode på fjellet? Vi ser etter deg som set deg ned på golvet, undrar deg saman med barna, og veit at leik er læring. I Bykle kommune får du kollegaer som er opptekne av fag, utvikling og inkludering. Her har vi naturen som leikeplass, høge ambisjonar på barna sine vegne og eit arbeidsmiljø der vi heier på kvarandre.

Arbeidsoppgåver

  • Ha omsorg for alle barna i barnehagen og sjå barnehagen som ein heilskap.
  • Medverke til eit godt samarbeid mellom alle som har dagleg tilknyting til barnehagen.
  • Ha fokus på barns leik og utvikling av leikemiljøer, delta og rettleie barn i leik.
  • Stimulere barns fantasi og skapartrong gjennom å leggje til rette for ulike aktivtetar.
  • Vere ein god rollemodell.
  • Fylje til einkvar tid gjeldande lovar, forskriftar og planar for barnehage.

Vi tilbyr

  • Godt arbeids- og fagmiljø med ein inkluderande personalgruppe.
  • Høg pedagogtettheit og satsing på kompetanseutvikling.
  • Løn etter kompetanse og tariff, samt god pensjons- og forsikringsordning.
  • Hjelp til bustad og flyttegodtgjersle.
  • Gode treningsområde inne og ute, samt tilgang til bedriftsleilighet og hytte.
  • Avskriving på studielån på kr 25 000,- per år etter 1 års busetjing.

Requirements

  • Du må ha utdanning som barnehagelærar eller anna relevant pedagogisk høgskuleutdanning.
  • Du må vere fagleg sterk og kunne omdanne teori til praksis.
  • Du må ha gode kommunikasjons- og formidlingskunnskapar på norsk, munnleg og skriftleg.
  • Du må vere trygg i deg sjølv, leiken, og ha evne til å gje og ta tilbakemeldingar.
  • Du må kunne dokumentere språknivå tilsvarande B1 dersom norsk ikkje er morsmålet ditt (gjeld ikkje skandinavisk).
  • Det er krav om godkjend politiattest ved tilsetting.

Skills

Pedagogisk leiingRelasjonsbyggingLeikbasert læringKommunikasjonSamarbeidsevnerStrukturert arbeidsmetodikk

Experience

junior

Similar Jobs