Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Resepsjonssjef
Hotell Bondeheimen har halde til i Kristian IVs gate sidan 1913, eit kvartal frå Karl Johans gate. Hotellet har 145 rom, og på gateplan finn du serveringsstaden vår, Kaffistova. Hotellet er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo, noko som gir oss ein eigar med langsiktig perspektiv.
Om stillinga
Resepsjonssjefen har det overordna operative, administrative og faglege ansvaret for resepsjons- og bookingfunksjonen. Stillinga rapporterer til hotelldirektøren og inngår i den operative leiargruppa.
Dine viktigaste ansvarsområde
- Overordna ansvar for kvalitet i resepsjonsdrift og gjestehandtering.
- Personalansvar for resepsjonistar og bookingmedarbeidar.
- Rekruttering, opplæring, vaktplanlegging, bemanning og oppfølging av timeregistrering og fråvær.
- Overordna ansvar for bookingfunksjonen.
- Oppfølging av gjestetilbakemeldingar, omtalar og klager.
- Korrekt bruk av PMS, bookingsystem og betalingsløysingar, samt etterleving av personvern og økonomisk kontroll.
- Budsjett, prognose og resultat innanfor eige ansvarsområde.
Requirements
- Du har erfaring som leiar med personalansvar i hotellresepsjon eller tilsvarande serviceverksemd.
- Du har erfaring med vaktplanlegging, bemanning og oppfølging av medarbeidarar.
- Du har erfaring med budsjett- og resultatoppfølging innanfor eige ansvarsområde.
- Du har trygg og sjølvstendig systembruk knytt til PMS, bookingsystem og betalingsløysingar.
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk, og på engelsk.
Skills
PersonalansvarVaktplanleggingBudsjettstyringPMS-system (Mews)GjestehandteringBooking- og inntektsstyringNynorsk (ønskjeleg)Operativ leiing
Experience
mid-level
