Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Lønnskonsulent
Vi har ledig eit vikariat som lønnskonsulent i 100% stilling frå snarast og fram til 30.06.2027, med mogelegheit for forlenging.
Lønnsavdelinga er for tida organisert saman med personalavdelinga, It, og organisasjonsutvikling som ein del av HR avdelinga. Avdelinga sitt hovudansvar er å utbetala rett lønn til rett tid, krevja inn refusjonar og gjennomføra lovpålagd rapportering av arbeids- og lønnsdata til offentlege instansar og pensjonskasser.
Avdelinga har systemansvar for lønns- og HR systemet Visma Enterprise Plus HRM, reiserekningssystemet Expense, og kommunen sitt time-registreringssystem Visma Tid.
Oppgåver:
- Opplæring og leiarstøtte
- Oppfølging og behandling av sjuke- og fødselspengar frå NAV
- Leiarstøtte knytt til fråvær og forvaltning av personalressursane
- Rapportering, kontroll og avstemming mot rekneskap, årsoppgjer
- Kontrollarbeid av datakvalitet frå forsystem
- Vedlikehald og formidling av lønnsdata
- Utvikling og vedlikehald av system og rutinar på fagfeltet
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Requirements
- Du har relevant utdanning frå høgskule/universitet på bachelornivå innan økonomi, rekneskap eller administrasjon.
- Du har arbeidserfaring frå lønnsarbeid og kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagområdet.
- Du har god digital kompetanse og systemforståing.
- Du har god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Skills
LønnsarbeidVisma Enterprise Plus HRMNAV-refusjonarRekneskapsavstemmingSystemforståingLeiarstøtte
Experience
mid-level