Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Bli med oss som Service Coordinator!
ULSTEIN sitt engasjement for innovasjon, pålitelegheit og fornøgde kundar gjer oss til ein partnar å stole på i den maritime industrien. Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjon- og serviceselskap, som leverer avanserte og optimaliserte kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.
I rolla som Service Coordinator vert du ein del av eit kunnskapsrikt og innovativt miljø. Stillinga inngår i eit team som er eit sentralt bindeledd mellom kundane våre og tenestene Ulstein Power & Control tilbyr. Du deltek i heile det administrative der mellom anna sal, planlegging og fakturering inngår.
Arbeidsoppgåver
- Kundekontakt, relasjonsbygging og salsfremjande aktivitetar
- Gjennomføre sal og ordrehandtering
- Planlegging av reiseoppdrag inkludert ressursar, utstyr/komponentar og dokumentasjon
- Prosjektgjennomføring/sakshandsaming i D365, CRM og ERP herunder også fakturering
- Innkjøp ved behov
- Medansvarleg for utvikling av interne løysingar
Noko reiseaktivitet må påreknast.
Vi tilbyr
- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
- Eit tverrfagleg fagmiljø som vektlegg personleg og fagleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Requirements
- Du har teknisk utdanning, eller relevant erfaring som kan kompensere for dette.
- Du har bransjekunnskap innan elektro, automasjon, skipsbygging eller drift av fartøy.
- Du har erfaring frå maritim bransje som reisemontør, prosjektarbeid, engineering eller sal-/ettermarknadsarbeid.
- Du har kjennskap til CRM- og ERP-system.
- Du har gode kunnskapar i både norsk og engelsk.
Skills
Experience
mid-level