Internkommunikasjon Rådgjevar/Seniorrådgjevar
Internkommunikasjon Rådgjevar/Seniorrådgjevar
Innspurten 11, 0663 Oslo
Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Internkommunikasjon Rådgjevar/Seniorrådgjevar
Vil du vere med på å forme internkommunikasjonen i UDI? Kommunikasjonsavdelinga i UDI har 50 medarbeidarar med ansvar for veiledningstenesta for brukarar, og for det kommunikasjonsfaglege arbeidet i UDI, mellom anna interne og eksterne nettstader, mediehandtering, arrangement, språk og profil.
Utlendingsdirektoratet (UDI) står overfor store endringar, og vi treng deg til å sikre open, tydeleg og engasjerande kommunikasjon internt. Som kommunikasjonsrådgjevar i internkommunikasjonsteamet vårt vil du spele ei sentral rolle i å skape felles forståing for verksemda sine mål, kultur og arbeidsmåtar – ikkje minst i samband med ModUlf (Modernisert utlendingsforvaltning), eit av dei største digitaliseringsprosjekta i norsk offentleg sektor.
Internkommunikasjonsteamet i Seksjon for kommunikasjon og samfunnsdialog består i dag av fem personar som arbeider strategisk og operativt med å sikre open og heilskapleg kommunikasjon internt i UDI. I tillegg vil 50 % av stillinga vere som del av eit eige kommunikasjonsteam på tre medarbeidarar i ModUlf.
Vi søkjer ein språkleg sterk medarbeidar med erfaring frå å arbeide med internkommunikasjon. Du jobber strategisk og har svært gode samarbeidsevner, og vil få ei sentral rolle i å identifisere kommunikasjonsbehov internt og sikre god kommunikasjonsflyt på alle nivå i organisasjonen og ModUlf-programmet.
Arbeidsoppgaver
- Bidra til open og heilskapleg kommunikasjonskultur der medarbeidarar på alle nivå føler seg trygge til å dele informasjon og fagkompetanse på tvers i organisasjonen.
- Bidra til god informasjonsflyt i organisasjonen, særskild om endringar og store satsingar.
- Planleggje, gjennomføre og evaluere kommunikasjonsaktivitetar knytta til ModUlfs leveransar, milepælar og endringane som kjem.
- Arrangere UDIs årlige fagdag og årsfest.
- Utvikle og gjennomføre kommunikasjonsplanar og delta som rådgjevar i både små prosjekt og større prosessar.
- Retteleiing, gi råd og opplæring i kommunikasjon internt til leiarar og medarbeidarar på alle nivå.
- Fange opp gode historier internt for å skrive og produsere innhald til interne kanalar og LinkedIn.
- Drifte, vedlikehalde og utvikle interne kommunikasjonskanalar.
- Hjelpe til med å produsere direktørens digitale allmøte.
Requirements
- Du må ha relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå.
- Du må ha brei erfaring med internkommunikasjon, gjerne i samband med større endringsprosessar.
- Du må kunne skrive særs godt og engasjerande på både norsk og engelsk.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ.
- Du må ha svært gode samarbeidsevner og evne til å jobbe godt i team.
Skills
Salary
700 000 kr - 850 000 kr
Experience
mid-level