Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Mediedesignar/teknikar ved Medielab
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei midlertidig stilling som mediedesignar/teknikar ved Medielab i 6 månader.
HVL er i ein viktig utviklingsfase i arbeidet med overgang frå høgskule til universitet. Som del av dette arbeidet skal ny universitetsprofil implementerast på tvers av organisasjonen og på alle flater der dagens profil blir nytta. Dette omfattar både digitale og trykte medium og krev høg produksjonskapasitet, god forståing for visuell profilering og erfaring med komplekse organisasjonar.
Medielab har ansvar for utvikling og produksjon av visuelt innhald for HVL, og den som blir tilsett vil inngå i eit kreativt og tverrfagleg designmiljø. Personen vil ta del i arbeidet med implementering av ny visuell profil, samt produksjon av visuelt materiell og foto til bruk i høgskulen sin kommunikasjon.
Ein viktig del av arbeidet vil vere fotografering av nye profilbilde ved HVL sine campusar. Arbeidet inneber planlegging, gjennomføring og etterarbeid, og det må reknast med reiseverksemd mellom campusane. Arbeidsstad er Bergen.
Arbeidsoppgåver:
- Produksjon av grafisk materiell i tråd med HVL sin visuelle profil
- Bidra i implementering og forvalting av ny universitetsprofil
- Fotografering og etterarbeid av profil- og kommunikasjonsbilde
- Produksjon av visuelt innhald til digitale og trykte flater
- Samarbeid med fagmiljø og administrative einingar om visuell kommunikasjon
- Andre relevante oppgåver innan medie- og designarbeid
Requirements
- Du må ha fagbrev i mediedesign.
- Du må ha erfaring med grafisk produksjon og bruk av Adobe Creative Cloud (Illustrator, InDesign, Photoshop).
- Du må ha erfaring med foto og bildebehandling.
- Du må ha god forståing for visuell identitet og profilforvaltning.
- Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Skills
Experience
mid-level