Vil du vere med å forme framtidas offentlege innkjøp i Midt- og Vest-Telemark?
Bøgata 67, 3800 Bø i Telemark
Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Vil du vere med å forme framtidas offentlege innkjøp i Midt- og Vest-Telemark?
Telemark innkjøpssamarbeid KO (TIS) søkjer ein engasjert innkjøpsrådgjevar som ønskjer å bruke kompetansen sin til å skape verdiar for sju samarbeidskommunar i Midt- og Vest-Telemark. Gjennom strategiske og berekraftige anskaffingar bidreg vi til gode tenester, smart ressursbruk og ei framtidsretta utvikling av kommunesektoren.
Hos oss får du ei nøkkelrolle i eit kompetent og dyktig fagmiljø med høge ambisjonar. Du vil samarbeide tett med ulike fagområde, leie spennande anskaffingsprosessar og vere med på å forme framtidas innkjøpsarbeid i kommunane.
Arbeidsoppgåver
- Leie og gjennomføre anskaffingsprosessar frå idé til ferdig avtale/kontrakt, i tett samarbeid med fagmiljø og leverandørar.
- Analysere innkjøpsdata, evaluere avtalar og identifisere moglegheiter for forbetring og gevinstrealisering.
- Utarbeide konkurransegrunnlag og avtalar, gjennomføre marknadsdialog, forhandlingar, evaluere tilbod og bidra til å sikre dei beste løysingane for kommunane.
- Følgje opp rammeavtalar og leverandørar i samarbeid med vår avtaleforvaltar for å bidra til gode leveransar, berekraftige løysingar og effektiv ressursbruk.
- Vere ein fagleg sparringspartnar og rådgjevar for kommunane i spørsmål knytte til offentlege anskaffingar.
- Bidra til kompetansebygging gjennom rettleiing, opplæring og deling av kunnskap på tvers av kommunane.
- Delta aktivt i utviklinga av TIS og bidra til nye arbeidsmåtar, innovasjon og kvalitetsforbetring innan innkjøpsfaget.
Requirements
- Du må ha minimum 3 års utdanning frå universitets- eller høgskulenivå.
- Du må ha minst 2 års arbeidserfaring innan offentlege anskaffingar.
- Du må ha erfaring frå forhandlingar og kommersielle vurderingar.
- Du må ha gjennomført KS sertifiseringskurs i offentlege anskaffingar eller tilsvarande.
- Du må ha erfaring frå digitale konkurranseverktøy (KGV/KAV).
- Du må ha svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk.
Skills
Offentlege anskaffingarForhandlingsteknikkKommersiell forståingKGV/KAV-verktøyAnalyse av innkjøpsdataKontraktsoppfølgingProsjektleiing
Experience
mid-level