Kulturskulelærar
Brenn du for kultur, samspel og eit skikkeleg godt arbeidsmiljø?
Skulevegen 19, 4755 Hovden i Setesdal
Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Brenn du for kultur, samspel og eit skikkeleg godt arbeidsmiljø?
No har vi ei unik 100 % kulturstilling ledig! Bykle kulturskule er ein liten, men svært aktiv og pulserande kulturskule. Hos oss er vi ikkje berre ein skule; vi er eit viktig musikk- og kompetansesenter for heile bygda. No ser vi etter ny musikk- og kulturskulelærarar som vil vere med på laget vårt.
Arbeidsoppgaver
- Undervisning og formidling: Gjennomføre individuell instrumentopplæring og gruppeundervisning/band (særleg ynskjeleg med kompetanse innan gitar, bass eller slagverk).
- Ha musikkundervisning i barne- og ungdomsskulen og lede musikkleik i barnehagane og/eller på SFO/skulen.
- Arrangement og utvikling: Ha rolla som konsertplanleggar, vere lydteknikar ved mindre arrangement, og bidra med rekruttering inn mot UKM.
- Ungdomsarbeid: Ta del i fritidsklubben for mellomtrinn og ungdomsskule, der du brukar band og musikk for å engasjere og skape aktivitet.
Vi tilbyr
- Løn etter kompetanse + eit rekrutteringstillegg på 40 000,- pr år.
- Hjelp til å skaffe bustad og flyttegodtgjersle.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Ein arbeidsplass med reell påverknadskraft til å utvikle kulturtilbodet.
- Gode fasilitetar med tilgang til flotte scenar med profesjonelt lyd- og lysutstyr.
Requirements
- Du må ha minimum treårig relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
- Du må ha gode faglege og pedagogiske evner samt eit ekte hjarte for å jobbe med barn og unge.
- Du må vere trygg på bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen.
- Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
- Du må kunne kommunisere tydeleg på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Godkjend politiattest, ikkje eldre enn tre månadar, må leggjast fram før tiltreding.
Skills
MusikkundervisningPedagogikkGitar/Bass/SlagverkLydteknikkKonsertplanleggingUngdomsarbeidDigitale verktøy
Salary
Løn etter kompetanse + eit rekrutteringstillegg på 40 000,- pr år
Experience
junior