Autosøk
Unknown Company logo

Lege "LIS0"

Unknown Company

Vinjes gate 10, 5522 Haugesund

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Lege "LIS0" ved BUP Haugesund

Venter du på LIS1? Er du nysgjerrig på korleis det er å jobbe med barn, ungdom og familiar? Kva med ei stilling som "LIS0" ved BUP Haugesund?

Hos oss får du ein unik moglegheit til å bli kjend med faget før vidare spesialisering. Du får verdifull klinisk erfaring som kjem godt med, uavhengig av kva spesialitet du vel etter LIS1. Samtidig får du innsikt i eit spennande fagfelt der relasjonar, utvikling og tverrfagleg samarbeid står sentralt.

Vi gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0 til 18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.

Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
  • Delta i vaktordning for legar.
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg. Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med overleger, LIS-legar, pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper.

Andre gode grunnar til å velje oss:

  • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater.
  • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
  • Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset.

Requirements

  • Du må ha dokumentert norsk autorisasjon som lege.
  • Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar for forsvarleg pasientbehandling.
  • Du må like å jobbe med barn, ungdom og føresette.
  • Du må vere nysgjerrig på menneske, relasjonar og psykisk helse.
  • Du må ha pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap.
  • Du må arbeide strukturert og spørje om råd eller støtte når du treng det.

Skills

Klinisk erfaringDiagnostiseringBehandling av barn og ungdomTverrfagleg samarbeidPsykisk helsearbeidKommunikasjon med pasientar og pårørande

Experience

entry-level, junior

Similar Jobs