Autosøk
FINN-kode: logo

Faglærar maskin/elektro i maritim utdanning på fagskulenivå

FINN-kode:

6718 Deknepollen

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Faglærar maskin/elektro i maritim utdanning på fagskulenivå

Vil du vere med å utdanne framtidas maritime leiarar og bidra til utviklinga av utdanningane innan maskin- og dekksoffiserfaget? Då kan dette vere stillinga for deg!

Studiestaden vår i Måløy søkjer ein engasjert og fagleg dyktig medarbeidar til teamet vårt. Med over 2100 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet, og utdannar mellom anna framtidas dekksoffiserar og maskinoffiserar.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning innan maritime maskin- og elektrofag.
  • Undervise innan maskin, elektro, skipsteknikk og maritim leiing.
  • Integrere pedagogiske metodar som fremjar aktiv læring, kritisk tenking og praktisk forståing.
  • Utarbeide og oppdatere undervisningsplanar og læringsmateriell i tråd med gjeldande studieplanar og forskrifter.
  • Samarbeide med kollegaer, fagmiljø og relevante aktørar i næringa.
  • Bidra til vidareutvikling av fagområdet og utdanningstilbodet.
  • Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø.

Vi tilbyr

  • Ein triveleg arbeidsplass i Måløy med eit engasjert team av lærarar.
  • Motiverte og engasjerte studentar med praktisk erfaring frå sjøen.
  • Eit fagleg sterkt og utviklande arbeidsmiljø.
  • Arbeidstid som følgjer skuleåret, med avspasering i skuleferiane.
  • Konkurransedyktige lønsvilkår.
  • Tilrettelegging for vidareutdanning.
  • Moglegheiter for deltaking i utviklingsarbeid, prosjekt og konferansar.

Requirements

  • Du må vere maskinoffiser, fortrinnsvis med sertifikat klasse M1.
  • Du må ha gode digitale ferdigheiter og evne til å nytte moderne undervisningsverktøy.
  • Du må ha evne til å undervise digitalt.
  • Det er krav om pedagogisk kompetanse i stillinga, som kan takast innan tre år etter tilsetjing.
  • Erfaring med prosjektarbeid er ein fordel.

Skills

Maritim maskinteknikkElektrofagPedagogikkUndervisningSkipsteknikkMaritim leiingDigitale verktøy

Experience

mid-level

Similar Jobs