Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Driftsteknikar / røktar
Er du praktisk anlagt, oppteken av fiskevelferd og interessert i moderne akvakultur? Då kan dette vere stillinga for deg.
Dette får du hjå oss
- Ein variert og praktisk arbeidskvardag
- Arbeid med moderne produksjonsteknologi
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med korte avgjerdsvegar
- Høve til å påverke og bidra til vidare utvikling
- God opplæring og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Arbeidsoppgåver
- Dagleg røkting, fôring og oppfølging av fisk
- Overvaking av fiskevelferd, vasskvalitet og produksjonsmiljø
- Reinhald og vedlikehald av kar, utstyr og produksjonsområde
- Prøvetaking, registrering og dokumentasjon
- Kontroll og oppfølging av tekniske anlegg
- Deltaking i internkontroll, kvalitetsarbeid og HMS
- Førebygging og handtering av avvik
- Andre oppgåver knytte til den daglege drifta av anlegget
Stillinga inngår i vaktordninga.
Villa Smolt AS driv settefiskproduksjon på Moltustranda i Herøy kommune. Anlegget består av tre avdelingar med gjennomstrøyming, gjenbruk og RAS-teknologi. Vi har konsesjon for produksjon av inntil fem millionar smolt årleg og arbeider målretta med kvalitet, fiskevelferd, driftstryggleik og berekraftig produksjon.
Requirements
- Du har fagbrev i akvakulturfaget eller anna relevant utdanning eller erfaring.
- Du har interesse for fiskevelferd, biologisk produksjon og teknisk drift.
- Du er praktisk anlagt og har god teknisk forståing.
- Du arbeider sjølvstendig, strukturert og ansvarsfullt.
- Du har gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
- Du har førarkort klasse B.
Skills
AkvakulturFiskevelferdTeknisk driftHMS-arbeidDokumentasjonVedlikehald
Experience
junior