Autosøk

Kommunikasjonsrådgjevar

Universitetet i Stavanger

Adresse mangler, 4036 Stavanger

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Kommunikasjonsrådgjevar

Universitetet i Stavanger har ledig eit vikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, fakultetsadministrasjonen. Vi ønskjer oppstart så snart som mogleg. Vikariatet varer til 31.12.2027, med moglegheit for forlenging.

Vi søkjer ein serviceinnstilt kommunikasjonsrådgjevar som vil vere med på å løfte fram studietilboda innan teknisk-naturvitskaplege fag og inspirere studentar. Du får ei sentral rolle i arbeidet med innhald og kommunikasjon i ulike kanalar, retta mot potensielle studentar og andre relevante målgrupper.

Hovudoppgåver

  • Profilere og marknadsføre utdanningane ved fakultetet.
  • Planleggje og gjennomføre kommunikasjons- og rekrutteringsaktivitetar.
  • Utvikle og produsere innhald til nettsider og andre digitale kanalar.
  • Identifisere gode historier og aktuelle saker, og bidra med innsalg til media.
  • Samarbeide med studentorganisasjonar og linjeforeiningar om rekruttering og kommunikasjon.
  • Ha kommunikasjonsansvar i samband med mellom anna semesterstart og open dag.
  • Bidra i nasjonale og internasjonale rekrutteringsaktivitetar.
  • Følgje opp og vurdere effekten av kommunikasjons- og marknadsføringstiltak.
  • Ta bilete og produsere enkelt visuelt innhald ved behov.

Requirements

  • Du må ha høgare utdanning innan kommunikasjon, marknadsføring eller journalistikk, fortrinnsvis på masternivå.
  • Du må ha relevant erfaring med kommunikasjons- og/eller marknadsføringsarbeid.
  • Du må ha erfaring med bruk av relevante IT-verktøy og innsikt i strategisk bruk av sosiale medium.
  • Du må ha svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (begge målformer) og engelsk.

Skills

KommunikasjonMarknadsføringInnholdsproduksjonSosiale medierPressearbeidVisuell innholdsproduksjonDigital kommunikasjon

Salary

550.000 - 650.000 NOK per år

Experience

mid-level

Similar Jobs