Autosøk

Ferdig med LIS1? Spesialiser deg hos oss!

BUP Haugesund, Helse Fonna HF

Vinjes gate 10, 5522 Haugesund

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Ferdig med LIS1? Spesialiser deg hos oss!

Har du vurdert å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri? BUP Haugesund gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0–18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost.

Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
  • Delta i vaktordning for legar.
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med overleger, LIS-legar, pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. Her får du tett oppfølging og brei erfaring frå eit fagfelt som kombinerer medisin, psykologi og familiearbeid.

Andre gode grunnar:

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
  • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater.
  • Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus.
  • Kompetanseheving og spesialiseringsløp.

Requirements

  • Du må ha dokumentert norsk autorisasjon som lege.
  • Du må ha gjennomført LIS1 ved oppstart av stillinga.
  • Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar for forsvarleg pasientbehandling.
  • Du må like å jobbe med barn, ungdom og føresette.
  • Du må ha pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap.

Skills

Barne- og ungdomspsykiatriDiagnostiseringPasientbehandlingTverrfagleg samarbeidKlinisk utgreiingRettleiing og undervisning

Experience

junior

Similar Jobs