Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Ringevikar Indre Masfjorden barnehage
Indre Masfjorden barnehage søker etter ringevikarar. Barnehagen ligg i Matre i Masfjorden kommune. Har du godt humør og likar å vere aktiv i eit leikande miljø? Då ser vi fram til at du søker hos oss!
Kort om stillinga
Som ringevikar forpliktar du deg ikkje til ei fast arbeidstid eller arbeidsmengde, men du avtaler ledige vakter som passar for deg. Ein ringevikaravtale er berre forpliktande for dei vaktene du har avtalt.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk og pedagogisk arbeid med barn individuelt og i grupper
- Vise omsorg for kvart enkelt barn
- Ta initiativ til og delta aktivt i barnas aktivitetar og leik
- Bidra til eit godt samarbeid på avdelinga og i barnehagen
Anna
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. For tilsetjing i barnehage, vert det stilt krav om politiattest.
Requirements
- Du må ha interesse for barn og barns utvikling.
- Du må vere tydeleg og ta initiativ til å byggje gode relasjonar.
- Du må kunne gjennomføre og følge opp aktivitetar med barn både inne og ute.
- Du må ha gode samarbeidsevner og kunne arbeide sjølvstendig og i team.
- Du må ha gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
Skills
Pedagogisk arbeidRelasjonsbyggingSamarbeidsevnerBarns utviklingNorsk språk
Experience
entry-level