Vil du bidra til at fleire får moglegheit til å delta i arbeidslivet?
Seniorrådgivar // Nav Bergen sentrum
Møllendalsveien 8, 5020 Bergen
Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Vil du bidra til at fleire får moglegheit til å delta i arbeidslivet?
Vi søkjer to engasjerte og løysingsorientert seniorrådgivarar som vil bli med på å styrke arbeidsinkluderinga i Bergensregionen.
Hos oss får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av Nav sine tenester retta mot arbeidsgivarar. Gjennom aktiv kontakt med verksemder skal du bygge sterke relasjonar i næringslivet, løyse rekrutteringsoppdrag og bidra til at fleire arbeidssøkarar kjem i jobb. Du vil fungere som eit bindeledd mellom Nav og arbeidslivet og vere ein viktig samarbeidspartnar for både arbeidsgivarar og kollegaer i Nav-kontora i regionen.
I rolla vil du òg representere Nav på ulike møteplassar og arrangement, dele arbeidsmarknadskompetanse internt og bidra til å styrke Nav si rolle som ein synleg og attraktiv samarbeidspartnar for arbeidsgivarar.
I avdeling for arbeidsinkludering og kvalifisering blir du ein del av eit lag med 15 engasjerte og dedikerte fagpersonar. Saman arbeider vi kvar dag for å gi jobbsøkarar nye moglegheiter i arbeidslivet gjennom inkludering, kvalifisering og samarbeid med arbeidsgivarar i tråd med behova i arbeidsmarknaden.
Kva går jobben ut på?
- Etablere og styrke relasjonar til arbeidsgivarar og bidra til gode og likeverdige tenester i regionen
- Skape og utvikle samarbeid med arbeidsgivarar for å fremme inkludering av arbeidssøkarar frå Nav sine prioriterte målgrupper
- Bistå arbeidsgivarar med å løyse rekrutteringsoppdrag ved å kople aktuelle kandidatar til ledige stillingar
- Representere Nav i eksterne forum, i møte med næringslivet og mot andre samarbeidspartnarar
- Planlegge og delta på møteplassar for arbeidsgivarar og arbeidssøkarar, som til dømes rekrutteringstreff og jobbmesser
- Vere ein ressursperson og bidra til auka arbeidsmarknadskompetanse internt i Nav-kontora
Requirements
- Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan fagområde som marknadsføring, HR, økonomi og administrasjon eller samfunnsfag.
- Du må ha erfaring frå arbeid med arbeidsinkludering, rekruttering eller bemanning.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Det er ønskeleg med erfaring frå samarbeid med næringslivet og forståing for arbeidsgivarar sine behov knytt til bemanning.
- Det er ønskeleg med erfaring med utoverretta kommunikasjon og representasjon.
- Det er ønskeleg med god kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenestetilbod.
Skills
Salary
694 000 - 750 000 NOK per år
Experience
senior