Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Vil du vere med på laget vårt?
Ein jobb som behandlar i BUP gir deg kvar einaste dag høve til å gjere ein meiningsfull skilnad. Vi legg til rette for di faglege utvikling og tilbyr kurs, og høve for spesialisering. Vi oppmodar til innovative tilnærmingar for å betre tenestene våre, og arbeider aktivt med nye behandlingsmetodar og oppgåvegliding.
Om avdelinga
I Psykisk helsevern for barn og unge i Møre og Romsdal har vi eit levande forskingsmiljø, og fleire pågåande innovasjonsprosjekt. Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av pasientar i alderen 6-18 år
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
- Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging
- Samarbeid internt og eksternt
Requirements
- Du må ha norsk autorisasjon som psykolog eller lisens.
- Du bør ha erfaring frå psykisk helsevern for barn og unge.
- Du må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.
- Du må ha evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
- Du må ha stor arbeidskapasitet og struktur på eigen arbeidskvardag.
- Du må kunne leggje fram politiattest før tilsetting.
Skills
Experience
mid-level