Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Lærarstillingar ved Garnes skule
På Garnes skule er det så høg trivsel at to av lærarane våre skal ut i foreldrepermisjon! Vi treng derfor nye kollegaer frå oktober og ut skuleåret. Ei stilling er 100 % kontaktlærar på 4. trinn. Den andre stillinga er 40 % lærar på 4. og 5. trinn.
Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel. Skulen har fleksible areal med 300 elevar skuleåret 2026/27. Det er 40 tilsette på skulen. Garnes skule ligg naturskjønt til ved foten av fjellet Arnanipa, og berre ein kort gåtur frå strand og fjord.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på 4. og 5. trinn, kontaktlæraransvar på 4. trinn i 100 % stillinga
- Trygg, varm og tydeleg klasseleiing
- Førebu, gjennomføre og evaluere inkluderande undervisning som byggjer fagleg og sosial kompetanse
- Sørgje for eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevane på skulen
- Samarbeide med foreldre, kollegaar og andre instansar
- Delta aktivt i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen og bidra til eit godt profesjonsfellesskap
Requirements
- Du må ha lærarutdanning som kvalifiserer til undervisning på 1.-7. trinn.
- Du må ha minimum 30 studiepoeng i norsk og matematikk.
- Det er ein fordel med kompetanse i å byggje og utvikle gode klassemiljø.
- Erfaring med klasseleiing og kontaktlæraransvar er ønskeleg.
- Erfaring frå undervisning i fleksible areal er ein fordel.
Skills
KlasseleiingPedagogisk utviklingsarbeidRelasjonsbyggingInkluderande undervisningTeamarbeidKommunikasjon med føresette
Experience
mid-level
