Autosøk
Garnes skule, Bergen kommune logo

Lærarstillingar

Garnes skule, Bergen kommune

Øvre Seimsmark 52, 5264 Garnes

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Lærarstillingar ved Garnes skule

På Garnes skule er det så høg trivsel at to av lærarane våre skal ut i foreldrepermisjon! Vi treng derfor nye kollegaer frå oktober og ut skuleåret. Ei stilling er 100 % kontaktlærar på 4. trinn. Den andre stillinga er 40 % lærar på 4. og 5. trinn.

Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel med 300 elevar og 40 tilsette. Vi jobbar for å utvikle profesjonelle læringsfellesskap med fokus på inkluderande opplæring, psykologisk tryggleik og digitalisering.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på 4. og 5. trinn, med kontaktlæraransvar for 100 % stillinga.
  • Utøve trygg, varm og tydeleg klasseleiing.
  • Førebu, gjennomføre og evaluere inkluderande undervisning.
  • Sørgje for eit trygt og godt læringsmiljø.
  • Samarbeide tett med foreldre, kollegaar og andre instansar.
  • Delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.

Requirements

  • Du må ha lærarutdanning som kvalifiserer til undervisning på 1.-7. trinn.
  • Du må ha minimum 30 studiepoeng i norsk og matematikk.
  • Det er ein fordel med kompetanse i å byggje og utvikle gode klassemiljø.
  • Erfaring med klasseleiing og kontaktlæraransvar vert vektlagt.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå undervisning i fleksible areal.

Skills

KlasseleiingPedagogisk utviklingsarbeidInkluderande opplæringRelasjonsbyggingTeamarbeidDigital kompetanse

Experience

mid-level

Similar Jobs