Autosøk
Arbeidsoppgåver logo

Medarbeider

Arbeidsoppgåver

Sjusetevegen 6, 5610 Øystese

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Har du sans for handverk, likar å jobbe med folk – og synest det er kjekt å skape noko med hendene? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Bunadsbua i Øystese er ein lokal bedrift som syr og sel Hardangerbunad, og som er stolte av å føre vidare eit tradisjonsrikt handverk. No vurderer me å tilsetje ein ny medarbeidar som kan bli ein del av gjengen vår.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsdagane hos oss er varierte, og kan mellom anna innehalde:

  • Saum av damebunad og ulike bunadsdelar
  • Produksjon og tilpassing av diverse tilbehøyr
  • Kundebehandling og rettleiing
  • Butikkarbeid og sal
  • Andre oppgåver som høyrer til den daglege drifta av Bunadsbua

Me ser helst at du har erfaring med saum og gjerne bunad, men det viktigaste for oss er at du er lærevillig og har lyst til å lære. Den rette personen vil få nødvendig opplæring hos oss.

Kven er du?

Me ser etter deg som:

  • Er positiv, blid og serviceinnstilt
  • Likar å møte og hjelpe menneske
  • Er nøyaktig og har sans for detaljar
  • Kan arbeide sjølvstendig, men også trivst godt saman med andre
  • Er påliteleg og ansvarsfull
  • Har interesse for saum, handverk og tradisjonar
  • Er lærevillig og ikkje redd for å ta i eit tak
  • Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

Me tilbyr

  • Ein variert og kreativ arbeidskvardag
  • Opplæring i bunadssaum og arbeidet hos oss
  • Eit triveleg arbeidsmiljø i ein lokal bedrift
  • Moglegheit til å arbeide med eit tradisjonsrikt handverk
  • Stillingsprosent opp til 100 %, etter avtale

Requirements

  • Du må vere positiv, blid og serviceinnstilt i møte med kundar.
  • Du må vere nøyaktig og ha god sans for detaljar i arbeidet ditt.
  • Du må ha ei genuin interesse for saum, handverk og tradisjonar.
  • Du må vere lærevillig og motivert for å utvikle deg i faget.
  • Du må vere påliteleg, ansvarsfull og bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Skills

SaumBunadssaumKundebehandlingButikkarbeidSalsarbeidHandverk

Experience

junior

Similar Jobs