Autosøk
Klepp kommune, Orre skule logo

SFO-medarbeidar

Klepp kommune, Orre skule

Roslandsvegen 366, 4343 Orre, Solavegen 1, 4351 Kleppe

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

SFO-medarbeidar

Har du lyst til å bidra til at barna får ein trygg, aktiv og kjekk SFO-kvardag? Då ønskjer vi å høyre frå deg!

Orre skule i Klepp kommune søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar til eit 40 % vikariat på SFO, med tiltreding etter avtale. Vikariatet varer til 31.07.2027.

Stillinga kan passe godt for deg som er student og ønskjer å kombinere jobb med studium, eller for deg som ønskjer ei mindre deltidsstilling. Det kan òg vere aktuelt med ei mindre stilling på morgon-SFO, dersom dette passar for deg.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna
  • Delta i leik og ulike aktivitetar inne og ute
  • Bidra til eit godt og inkluderande miljø
  • Følgje opp barna sine behov og bidra til gode relasjonar
  • Samarbeide med dei andre tilsette på SFO og skulen
  • Bidra til praktiske oppgåver knytte til SFO-kvardagen

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å kombinere arbeid med studium
  • Moglegheit for ekstra arbeid på morgon-SFO etter avtale

Requirements

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg.
  • Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel.
  • Studentar innan barnehage, grunnskule, pedagogikk eller andre relevante fagområde er velkomne til å søkje.
  • Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å skape trygge og gode relasjonar til barn.
  • Du må vere trygg, positiv, omsorgsfull og like å vere saman med barn.

Skills

SamarbeidsevnerRelasjonsbyggingPedagogisk forståingFleksibilitetInitiativrikOmsorgsevne

Experience

entry-level

Similar Jobs