Aspirantkurs Nordhordland brann og redning (NHBR)- brannkonstabel på deltid
Nordhordland brann og redning (NHBR), 5916 Isdalstø
Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Aspirantkurs Nordhordland brann og redning (NHBR) - brannkonstabel på deltid
Nordhordland brann og redning (NHBR) treng fleire vikarar og deltidstilsette knytt til alle våre stasjonar, og søkjer derfor nye kandidatar til aspirantkurs. Aspirantkurs er grunnleggjande og obligatorisk opplæring for deg som ynskjer å arbeide som brannkonstabel i deltidsstyrken vår.
Kva vil det seie å være brannkonstabel i deltidsstyrken?
Å ha ei deltidsstilling som brannkonstabel i Nordhordland brann og redning, vil seie at du er i beredskap for å rykke ut ved brann, ulukker og andre akutte hendingar i nærmiljøet, i tillegg til at du har ein annan hovudjobb. Du har med deg eit samband i det daglege. Når du har vakt (ca. kvar 5. veke på kveld/helg/natt) og alarmen går, må du møte opp på brannstasjonen i løpet av kort tid.
Krav til deltidsstillinga:
- Uttømmande politiattest etter brann og eksplosjonsvernlova §18.
- Godkjend og gyldig helseattest.
- Førarkort klasse B.
- Bu innan 10 minutt køyretid til ein av brannstasjonane/depota våre.
- Bestå fysisk test.
- Være fysisk og psykisk skikka.
Vi tilbyr:
- Ein meiningsfull arbeidskvardag kor du bidrar til tryggleik for sikkerheit i lokalsamfunnet.
- Godt arbeidsmiljø og gode engasjerte kollegaer.
- Oppfølging og rettleiing på aspirantkurs og som tilsett.
- God pensjonsordning i KLP.
Requirements
- Du må kunne framvise ein uttømmande politiattest.
- Du må ha ein godkjend og gyldig helseattest.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må bu innan 10 minutt køyretid frå ein av brannstasjonane eller depota.
- Du må bestå ein fysisk test som ein del av opptaket.
- Du må vere fysisk og psykisk skikka for tenesta.
Skills
Experience
entry-level