Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Off. godkjent helsefagarbeidar - 50 % stilling på natt
Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig 50 % helsefagarbeidarstilling på natt ved heimetenester Bakk-Ola-marka frå 01.10.26.
Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og trivst med å jobbe sjølvstendig i ein variert og tidvis hektisk kvardag. Hos oss får du dyktige og engasjerte kollegaer som jobbar målretta for å gi individuell pleie og omsorg med høg fagleg kvalitet.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Fokus på førebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Rettleing og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Fagleg oppdatering og kompetanseheving gjennom e-læring, kurs og fagdagar
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår (offentleg tenestepensjon i KLP)
Requirements
- Du må vere offentleg godkjent helsefagarbeidar eller ha anna relevant helsefagleg utdanning.
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing.
Skills
Helsefagleg pleie og omsorgDokumentasjon og journalføringDigital kompetanse (fagsystem)VelferdsteknologiSamhandling og kommunikasjonSjølvstendig arbeid
Experience
junior