Autosøk

Helgestillingar på Øystre Slidre helsetun

Øystre Slidre kommune

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Helgestillingar på Øystre Slidre helsetun

Vil du vere ein del av laget vårt? Vi held til i nye og moderne lokale, der institusjon, omsorgsbustader og heimeteneste held til i same bygg. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.

No har vi ledig fleire helgestillingar, både på kortids- og langtidsavdeling, på avdeling for personar med demens, i heimetenesta og i omsorgsbustader. Stillingane varierer mellom 14% og 21%.

Arbeidsoppgåver

  • Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument.
  • Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring.
  • Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer.
  • Samarbeid og tverrfagleg med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg.

Vi tilbyr

  • Turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4. helg.
  • Nødvendig opplæring og rettleiing.
  • Kompetanseheving.
  • Opplæring i fagsystem.
  • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP.

Requirements

  • Det er ynskjeleg med fagbrev som helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning.
  • Du må ha gode norskkunnskapar.
  • Sertifikat i klasse B er nødvendig for stillingar i heimetenesta.
  • Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstenesteloven §5-4.
  • Du må vere positiv, sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.

Skills

HelsehjelpKvardagsmestringDokumentasjonTverrfagleg samarbeidVelferdsteknologiKommunikasjon

Experience

entry-level

Similar Jobs