God på å byggje lange relasjonar, med eit genuint engasjement for privatøkonomi og god kundedialog?
Strandgata 17, 6905 Florø
Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
God på å byggje lange relasjonar, med eit genuint engasjement for privatøkonomi og god kundedialog?
Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du får derfor stor moglegheit til å påverke -- både i rolla di og i møte med kundane.
I Florø er vi ni kollegaer som jobbar tett saman for å gi kundane våre gode opplevingar -- kvar dag. Vi har høgt tempo, stor takhøgd og eit inkluderande arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode.
Kva går jobben ut på?
Som finansielle rådgivarar jobbar vi som økonomiske sparringspartnarar for nye og eksisterande kundar. Vi hjelper dei med å byggje ein robust privatøkonomi -- i dag og for framtida. Gjennom gode og tillitsfulle samtalar gir du heilskapleg rådgjeving innan bustadlån, sparing og forsikring frå Frende.
Hos oss får du ansvar for ei etablert portefølje. Samtidig ønskjer vi at du aktivt utviklar denne vidare -- gjennom gode kundedialogar, nye relasjonar og initiativ i marknaden.
Kva får du hos oss?
Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast -- både i rolla og i karrieren. Du får heile Sparebanken Norge i ryggen, med tilgang til støttefunksjonar, spesialistar og tverrfagleg kompetanse frå heile landet.
Requirements
- Du har erfaring frå rådgjeving og kundearbeid, helst frå bank eller finans.
- Du har høgare utdanning innan økonomi eller finans.
- Du er trygg i rådgjevarrolla og skaper tillit i møte med kundar.
- Du trivst med å ta ansvar for eigen kundeportefølje og jobbar målretta.
- Du er villig til å tileigne deg nødvendig autorisasjon innan sparing, investering, kreditt og forsikring.
Skills
Experience
mid-level