Rådgivar/seniorrådgivar - vernepleiar helse og rettstryggleik i omsorg
Om seksjonen og fagmiljøet
Julsundvegen 9, 6412 MOLDE, 6412 Molde
Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Rådgivar/seniorrådgivar - vernepleiar helse og rettstryggleik i omsorg
Vil du gjere ein forskjell for rettstryggleik og fagleg kvalitet? Vi søkjer rådgivar/seniorrådgivar. Er du vernepleiar med autorisasjon og vil bruke kompetansen din til å gjere kvardagen tryggare og meir rettferdig for enkeltmenneske? Vi søkjer deg som vil vere med og sikre rettstryggleik for sårbare grupper og bidra til god offentleg forvaltning.
Om seksjonen og fagmiljøet
Stillinga er plassert i seksjon rettstryggleik i omsorg som har ansvar for oppgåver knytt til tvang mot personar med utviklingshemming og å sikre nødvendig helsehjelp til pasientar som ikkje kan gi samtykke og som motset seg behandlinga. Seksjonen samarbeider tett med seksjon helse, og saman utgjer dei eit engasjert fagmiljø med brei og variert kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Overprøving av vedtak, rettleiing og tilsyn, etter helse- og omsorgstenestelova kap. 9.
- Kvalitetsutvikling og rettleiing innan desse viktige fagområda.
- Sakshandsaming av helsehjelp til personar utan samtykkekompetanse etter pasient- og brukarrettighetslova 4A.
Requirements
- Du må ha autorisasjon som vernepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.
- Du må ha erfaring frå arbeid med menneske som har ei utviklingshemming eller anna relevant erfaring frå helse- og omsorgstenesta.
- Du må ha god kjennskap til helse- og omsorgslovgivninga, gjerne med saksbehandlingserfaring frå vedtak om tvang.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta i tverrfaglege team.
- Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere med ulike aktørar.
- Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Skills
Salary
550.000 - 760.000 NOK
Experience
mid-level