Autosøk

Rågivar/seniorrådgivar - landbruk

Vil du jobbe med husdyrfag og forvaltning i landbruket?

Julsundvegen 9, 6412 MOLDE, 6412 Molde

Resume Match

Your resume?%

Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume

Job Description

Vil du jobbe med husdyrfag og forvaltning i landbruket?

Statsforvaltaren skal medverke til å gjennomføre den gjeldande landbrukspolitikken, med rom for regionale tilpassingar. Seksjon landbruk søkjer no ein engasjert rådgivar/seniorrådgivar med husdyrfagleg kompetanse som vil arbeide i skjeringspunktet mellom landbruk, beitebruk og rovviltforvaltning.

Arbeidsoppgåver

Du får hovudansvar for fleire viktige tilskots- og forvaltningsordningar og blir ein sentral fagperson på husdyrområdet. Dette inneber mellom anna ansvar for tilskotsordninga tiltak i beiteområde, husdyrkonsesjonsregelverket og oppfølging av andre husdyrfaglege og prioriterte oppgåver innanfor landbruksområdet.

Vidare får du arbeide med nokre av dei mest aktuelle problemstillingane innan landbruks- og miljøforvaltninga, og vere med på å balansere omsynet til aktiv beitebruk og berekraftig rovviltforvaltning.

Vi tilbyr

  • Ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid.
  • Lønsspenn frå kr. 550.000,- til kr. 760.000,-.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK).
  • Moglegheit for noko heimekontor og trening i arbeidstida.

Requirements

  • Du må ha landbruksfagleg utdanning, minimum bachelorgrad eller tilsvarande, med vekt på husdyrfag.
  • Du må ha interesse for og forståing for landbruksnæringa.
  • Du må ha god skriftleg formuleringsevne på norsk.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Det er ein fordel med erfaring frå landbruksnæringa eller saksbehandling i offentleg sektor.

Skills

HusdyrfagLandbruksforvaltningSaksbehandlingRovviltforvaltningBeitebrukKommunikasjonSamarbeidsevner

Salary

550.000 - 760.000 NOK

Experience

mid-level

Similar Jobs