Sign in to auto-apply
Resume Match
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Er du utviklingsorientert og søkjer nye utfordringar?
Tolletaten søkjer seksjonssjef til ein nyoppretta seksjon for forretningsutvikling i Vareførselsdivisjonen (VD). Seksjonen er organisert under ei nyoppretta avdeling for vareførselsutvikling. Vareførselsdivisjonen har nasjonalt ansvar for den registrerte vareførselen, og hovudkontor i Bergen.
Vi søkjer ein handlekraftig og utviklingsorientert leiar som blir motivert av å få ei sentral rolle i arbeidet med den kontinuerlege vidareutvikling av ein viktig samfunnsfunksjon. Som leiar av seksjonen vil du få eit særleg ansvar for å formidle vurderingar og behov både frå fagsida og eksterne interessentar som grunnlag for juridiske regelverksutvikling og utviklinga av etatens digitale løysingar.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Som leiar vil du ha eit heilskapleg ansvar for å leie seksjonen både administrativt og fagleg. Du vil:
- Ha personal- og leiaransvar for medarbeidarane i eininga.
- Samarbeide med andre einingar, utviklingsinitiativ og prosjekt internt i etaten, og med aktuelle eksterne samarbeidspartnarar.
- Få ei sentral rolle i å strukturere opp og prioritere utviklingsarbeidet i divisjonen.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for den rette kandidat til å forme og utvikle ein nyoppretta seksjon.
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med eit viktig felles samfunnsoppdrag.
- Lønn i spennet 840 000 - 920 000, med moglegheit for høgare lønn for særskilt kvalifiserte.
- Moderne kontorlandskap sentralt på Danmarksplass i Bergen.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.
Requirements
- Du må ha relevant mastergrad eller tilsvarande, der lang og relevant erfaring i nokre tilfelle kan erstatte kravet.
- Du må ha relevant leiarerfaring.
- Du må ha svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk.
- Du må ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne på engelsk.
- Du må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELIG/NATO SECRET.
Skills
Salary
840 000 - 920 000 NOK
Experience
senior