Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
A. M. Vik AS har levert solide rørleggartenester i over 60 år. Vi er 11 tilsette og arbeider på heile Søre Sunnmøre og Nordfjord. Vi er medlem av Comfort-kjeda og butikken vår er ein viktig del av verksemda. I tillegg har vi eiga avdeling med kle og kafé.
I samband med sterkare satsing på totalbad og interiørdesign søker vi no etter Baderomsdesignar/butikkselgar.
Er du oppteken av interiør, fargar, materialval og dei nyaste trendane? Likar du å inspirere andre og hjelpe kundar med å finne gode løysingar? Då kan dette vere jobben for deg.
Dette vil du jobbe med
- Rettleie og inspirere kundar i butikk og utstilling
- Teikne og planlegge moderne bad og interiørløysingar
- Utarbeide tilbod og følgje opp kundar
- Bidra til innhald og profilering i sosiale medium
- Vere med på å utvikle butikk og utstillingar
- Skape gode kundeopplevingar frå idé til ferdig prosjekt
Vi tilbyr
- Ein spennande og variert kvardag
- Opplæring i designverktøy og produktkunnskap
- Eit godt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar
- Store moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
- Moglegheit til å vere med og forme vår vidare satsing på bad og interiør
Requirements
- Du har stor interesse for interiør, form, farge og trendar.
- Du er energisk, positiv og serviceinnstilt i møte med kundar.
- Du er kreativ og har eit godt auge for detaljar.
- Du er trygg på bruk av data og digitale verktøy.
- Du er strukturert og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver.
- Du har interesse for sosiale medium og marknadsføring.
Skills
InteriørdesignButikksalKundebehandlingDigital marknadsføringSosiale mediumDesignverktøyProsjektplanlegging
Experience
mid-level