Sign in to auto-apply
Resume Match
Your resume?%
Preview only — we'll score how well you match this job once you have a resume. Add a resume
Job Description
Driftsoperatør til avløpssektoren
Vil du jobbe med teknologi, miljø og eit viktig samfunnsoppdrag? Voss herad søkjer ein engasjert og løysingsorientert driftsoperatør til avløpssektoren. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med ansvar for drift av reinseanlegget som bidreg til eit reinare vassmiljø og ei berekraftig samfunnsutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift og tilsyn ved Voss reinseanlegg og dei mindre reinseanlegga i kommunen.
- Overvaking og oppfølging av reinseprosessar.
- Drift og bruk av driftskontrollsystem (SCADA).
- Feilsøking og optimalisering av prosessar.
- Vedlikehald av prosessutstyr, pumper og tekniske installasjonar.
- Prøvetaking, dokumentasjon og rapportering.
- Deltaking i utviklings- og investeringsprosjekt.
- Bidra til eit godt HMS-arbeid.
- Deltaking i vaktordning etter gjeldande planar.
Kvifor velje Voss herad?
Du får moglegheit til å arbeide med samfunnskritisk infrastruktur, bidra til eit betre miljø og vere med på spennande utviklingsprosjekt. Hjå oss får du ei meiningsfull stilling, ein variert arbeidskvardag med moderne teknologi, og eit godt fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Requirements
- Du må ha fagbrev eller relevant utdanning innan prosessfag, kjemiprosess, automasjon, elektro/automasjon eller røyrleggjarfaget.
- Det er ein fordel med erfaring frå reinseanlegg, prosessindustri, VA-sektoren eller anna teknisk drift.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha interesse for tekniske anlegg og prosessdrift.
- Du må ha god digital kompetanse og interesse for moderne driftsverktøy.
Skills
ProsessdriftSCADA (driftskontrollsystem)Vedlikehald av tekniske installasjonarFeilsøkingHMS-arbeidDokumentasjon og rapporteringSamarbeidsevner
Experience
mid-level